Kva er LIFE Therapy®?


Energifeltet som omsluttar kroppen påverkar både den fysiske og psykiske helsa vår. Vi menneske er utrusta med eit sensitivt nervesystem som stadig tar imot, tolkar og reagerer på ulike kjensler og signal. Signala påverkar både den emosjonelle, fysiske og mentale helsa vår. Ein kan for eksempel få vondt i hovudet av å befinne seg i eit miljø ein ikkje opplever som harmonisk.


Når flyten i kroppen og i energifeltet samarbeider starter ein naturlig helbredelsesprosess.

LIFE Therapy® har som mål å skape ei syntese som aktiverer kroppen, psyken og sjela si evne til å setje igang ein slik prosess. I ei Syntesebehandling  vil den kraniosakrale flyten i kroppen og den elektromagnetiske flyten i energifeltet som omsluttar kroppen bli aktivert. Gjennom å aktivere og optimere denne flyten kan eg som terapeut hjelpe kroppen din med å starte ein prosess der den helbreder seg sjølv. Behandlinga foregår på benk, og inkluderer terapeutiske og manuelle metodar for å bevisstgjere og forandre destruktive mentale mønster og blokkeringar. 

Dei aller fleste vil i løpet av behandlinga oppleve å falle inn i ei djup ro, noko som i seg sjølv er ein deilig opplevelse i ein hektisk kvardag! 


Les meir på LIFE Therapy®  sine offisielle sider. Kontakt meg gjerne dersom du vil vite meir.