Yngvil Birkeland

Yngvil Birkeland bur og arbeider i Volda på Sunnmøre.


Ho er biletkunstnar og faglærar i kunstfag ved KDA (Kunst, design og arkitektur) ved Volda vidaregåande skule.  

 

Yngvil arbeider med ei sterk intuitiv tilnærming til bileta sine. Ho startar leikande og utan stor grad av styring, og tek deretter utgangspunkt i det som dukkar opp i dei kaotiske biletflatene som dannar seg. I dei fleste maleria operer ho innanfor det ein vil kalle ein abstrahert figurativ stil.  

 

Medan ho i perioder har vore tett på mennesket i bileta, er dei seinaste maleria prega av ei søking etter lys, og gjennom det også dualiteten mellom lys og mørke. Hennar ynskje er at bileta  blir allmenngyldige. Dei skal ikkje tolkast utifrå kva ho har meint med dei, men heller  setje igang ein prosess hos sjåaren til å skape sine eigne historier basert på eigne erfaringar, tankar og følelsar.  

CV 

 

Arbeid


  • Biletkunstnar -dd 
  • Faglærar ved Volda vg. skule, KDA (Kunst, design, arkitektur)  2018-dd 
  • Faglærar ved Volda vg skule, MDD (Musikk)  2003 - 2018


Utdanning 

  • Kunsttverrfagleg masteremne, Høgskolen i Volda, 2012 
  • Bachelor i musikk Høgskolen i Volda, 2006 
  • Praktisk pedagogisk utdanning Høgskolen i Volda, 2005 
  • Mellomfag i Kunst og Håndverk Høgskolen i Volda, 2002 


Kurs 

  • Malekurs, Roar Kjærnstad, Nansenskolen, Lillehammer, 2017
  • Malekurs, Roar Kjærnstad, Nansenskolen, Lillehammer, 2016
  • Kunst og Spiritualitet, Levende verksted, Oslo, 2015 
  • Malekurs, Peter Esdaile Kunst for Alle, 2011 
  • Kurs i glassfusing Glassforum, Averøya, 2010 
  • Aktkurs Nydalen Kunstskole, Oslo, 2008 
  • Malekurs, Peter Esdaile, Kunst for alle, 2007 
  • Midtnordisk kunstfestival, Sund folkehøgskole, 2005 
  • Sommerkurs Levende verksted ,Oslo, 2004 
  • Sommerkurs Levende verksted, Oslo, 2003 


Separatutstillingar 

  • Volda og Ørsta Kunstlag Ørsta, 2014 
  • Galleri E & E, minigalleriet Fosnavåg, 2012 
  • Sommarutstilling, maleri og glass, Volda, 2012 
  • Juleustillinga, hovudutstillar Gamlebanken, Nordfjordeid, 2011 
  • Hjørundfjorddagane Sæbø, Ørsta, 2011 
  • Ørsta Kunstlag, Ørsta, 2009 


Juryerte utstillingar 

  • Barcelona Showcase Casa Batllo, Barcelona, 2012 
  • NFUKs landsutstilling 2012 Galleri Annekset, Stavern, 2012 
  • NFUKs landsutstilling 2011 Oslo Rådhus, 2011 
  • Lauvfall, Regionsutstilling M&R Surnadal, 2008 


Kollektivutstillingar 

  • Haustutstilling, NFUK Nordvest , Volda, 2019 
  • Haustutstilling, NFUK Nordvest, Ørsta, 2018 
  • 17.maiutstilling Volda, NFUK Nordvest, 2017 
  • Sommarutstillinga Mosaikk,  Volda Ørsta Kunstlag, Ørsta,  2016 
  • Galleri SG, Tronhdeim, 2015  
  • Bryggeutstillinga Råkvåg, 2015 
  • Juleutstililnga Volda Kunstlag, 2010 
  • Juleutstillinga Gamlebanken, Nordfjordeid, 2010 
  • Sommarutstillinga Gamlebanken, Nordfjordeid, 2010 
  • Bryggeutstillinga Råkvåg, 2010 
  • Lions utstilling Skedsmo, 2009 
  • Bryggeutstillinga Råkvåg, 2007 
  • Stipendutstilling Midtnordisk kunstfestival, Sund, 2005 
  • «Min kropp, min heim» Nynorsk kultursentrum, Volda, 2004


Prisar, medlemsskap og bøker 

  • Artists Across Continents (Artcom Expo)  - kunstbok, 2014 
  • Medlem av NFUK (Norsk forening for uavhengige kunstnere), 2009 
  • Kunst for alle, Årets pallettklubbkunstner, 2008 


Yngvil Birkeland

Copyright © 2020

BETALINGSLØSNING